Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Undersøking

Lungefunksjonsmåling (PEF) hos barn og unge

Dette er ein enkel pusteprøve som måler den raskaste utpusten barnet eller ungdommen kan klare. PEF blir målt i liter/minutt. Målinga skjer ved hjelp av eit enkelt lite pusteapparat (PEF-målar), og blir brukt til å diagnostisere eller kontrollere sjukdommar i lunger og luftvegar. PEF står for peak expiratory flow, som betyr maksimal utandingsfart. PEF blir målt i liter per minutt.

Før

Det er viktig å førebu barnet eller ungdommen på korleis målinga skal utførast.

Under

PEF-målinga kan gjerast heime. Målet er å få eit inntrykk av lungefunksjonen over tid.

Legen vil forklare korleis de skal forhalde dykk ved ulike resultat av PEF-målinga.

Slik bruker du apparatet

  • Stå oppreist, sett visaren på 0, og pust roleg inn i munnstykket så mykje du klarer.
  • Blås ut så raskt og kraftig som mogleg.
  • Skriv ned den beste verdien av tre forsøk i eit skjema.

Etter

Resultata frå målingane blir gått gjennom med legen på neste kontrolltime.