Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Behandling

Kommunikasjonstiltak, barn - alternative og supplerende, nynorsk

Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) kan hjelpe barn som heilt eller delvis manglar tale, til å finne andre måtar å kommunisere på.

Ei ASK utgreiing må vere basert på ei grunnutgreiing og vil forutsette vidare oppfølging. ASK utgreiinga består av tre trinn:

  1. Ei grunnutgreiing som omfattar utgreiing av somatiske forhold, motorikk, kognisjon og miljøfaktorar.
  2. Basert på det som kjem fram etter grunnutgreiinga, vil det bli undersøkt kva alternative kommunikasjonsformer som eignar seg for barnet (manuelle teikn, grafiske symbol og/eller materielle teikn). Ved bruk av grafisk kommunikasjon blir det undersøkt kva beteningsmoglegheiter, oppsett og kompleksitet og symbolsystem som eignar seg for barnet. Det blir også gitt råd om bruk og implementering i kvardagen til barnet.
  3. Språket og kommunikasjonen til barn er i kontinuerleg utvikling. Det vil derfor vere behov for justeringar og vidareutvikling av ASK‐tiltaka, noko som føreset nye utgreiingar med jamne mellomrom.






Før

Det vil vere viktig å ha tenkt gjennom utviklinga til barnet og milepælane i språk og taleutvikling før møtet med behandlingsteamet. Til undersøkinga må kommunikasjonshjelpemidla til barnet bli tatt med, saman med kopi av fagrapportar frå tidlegare undersøkingar. Barn som er avhengige av individuelt tilpassa arbeidsstol, bør ta med denne, om mogleg.

Dersom det er mottatt eit kartleggingsskjema, må dette bli returnert i god tid før opphaldet.



Under

Barnet og foreldra, eventuelt assistent/pedagog frå barnehagen/skulen til barnet, vil samarbeide med fagpersonar frå teamet. Barnet blir undersøkt tverrfagleg, gjennom samtaler med føresette og fagpersonar som kjenner barnet, strukturerte observasjonar og testing. Det vil bli tatt omsyn til døgnrytmen, dagsforma og allmenntilstanden til barnet.

ASK‐utgreiingar innber ikkje smertefulle prosedyrar. Undersøkingane vil ofte vere barnevennlege i form av leik eller oppgåver som liknar på skuleaktivitetar.

Undersøkingane skjer både ved polikliniske konsultasjonar og innleggingar eller opphald som dagpasient dersom ein bur i nærleiken av sjukehuset. Varigheit vil vere ein til to veker, avhengig av problemstilling for utgreiinga.

Kan bruk av ASK‐hjelpemiddel bremse eller stoppe utviklinga av talespråket til barnet?

Nei, tvert imot veit vi at erfaring med å kommunisere ved hjelp av ASK‐hjelpemiddel, fremmer såvel språkforståinga til barnet som evna til å kommunisere generelt. Barn som har motoriske og nevrologiske føresetnader for å utvikle tale, vil kunne komme raskare i gang med dette nå utviklinga blir stimulert ved hjelp av ASK‐tiltak.



Etter

Det blir gitt ei tilbakemelding straks utgreiinga er gjennomført. Deretter blir det utarbeidd skriftlege rapportar som blir sendt til heimen, tilvisande instans og andre instansar som har behov for desse, i samråd med og etter samtykke frå dei føresette / foreldra til barnet.