Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Behandling

Habilitering - Funksjonstap hos barn og unge, nynorsk

Det er store individuelle forskjellar i utviklinga til barn. Likevel er det nokre forventningar til kva barn vanlegvis lærer på ulike alderstrinn. Når eit barn mister ferdigheiter han eller ho alt har utvikla, eller utviklinga av ferdigheiter stoppar opp og det vekker bekymring hos foreldre, fastlege, helsestasjon, barnehage eller skule, kan det ein bli tilvist til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU).

Tilvising og vurdering

Ein kan også bli tilvist for oppfølging dersom barnet eller ungdommen alt har ein diagnose der ein kan forvente funksjonstap.

Før

Før du kjem til avtale for utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
  • bevegelse og leik
  • dagleglivets aktivitetar – slik som forflytting, eting, påkledning og fritidssyslar
  • tidlegare sjukdommar
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.

Dersom barnet eller ungdommen har hjelpemiddel i jamleg bruk, så ta dei med til avtalen i HABU. Dette kan vere hjelpemiddel for forflytting, kommunikasjon eller anna.

Undersøking hos lege og fysioterapeut kan innebere at barnet/ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.

Under

Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, sjukepleiar, vernepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, psykolog og sosionom.

Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen.

I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.




Etter

Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett på tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.

Det er kommunen/bydelen du bor i som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.

Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.